top of page
att.PDd1rScLgzqi25cv6U-4rkp6WpItlcLZW8ecSAj7vwk.jpg

Velkommen til vår lille gardsbutikk!

Vi har dyrka frukt og bær i naturskjønne omgjevnader sidan 1700-talet, og tilbyr økologisk eplemost laga av handplukka eple frå våre frukthagar.

 

I tillegg kan du kjøpe økologisk, grasfôra kjøt frå vår flokk med Dexter-kyr.

​

Her finn du eit lite utval av våre økologiske gårdsprodukt!

Alltid i sesong, alltid økologisk!

Vi sender i posten!

Økologisk Eplemost

Den søtaste, friskaste eplemosten du kan tenkje deg.

Våre eple frå både gamle og nye økologiske hagar blir til friskpressa eplemost.

​

Av dei sortane vi kjenner til, høstar vi Discovery, Discovery Rosette, Aroma, Asfari og Katja.

​

I den gamle hagen finn vi Gravenstein, Torsteineple og andre som er ukjende for dei fleste, men som dei gamle berre kallar «mateple».

​

Vi synest desse gir den spesielle Fretheimsmaken til vår juice!

​

Tilgjengeleg i kartong eller flaske.

Økologisk, grasfôra kjøt

Sunne og glade dyr – og veldig godt kjøt.

På garden bur og lever ei lita flokk med 40 små, glade ammekyr – nesten alle med kvar si kalv – og éin okse, alle av rasen Dexter. Kalven får gå saman med mora heile livet, anten den vert slakta som ung eller gamal.

​

Gjennom sommar og haust får dei gå fritt og ete akkurat kva dei vil av gras, urtar og lyng på fjellet. Dette gjev sunne og glade dyr – og svært godt kjøt.

​

Når dei kjem heimatt, beitar dei ute blant epletrea. Gjødsla deira gir god næring, og dei får smake mykje moden nedfallsfrukt frå den gamle eplehagen.

​

Om vinteren, når kulda verkeleg set inn, vert dei slept inn i fjøset. Her vert dei grasfôra gjennom vinteren, med deilig, økologisk gras frå garden og noko øko-halm. Fjøset er opent, så dei kan gå ut og inn når dei vil. Vi har eit personleg forhold til alle kyrne våre. Alle har namn, og dei fleste får eit langt liv. Dei eldste vert heile 18-20 år.

 

Flokken er stambokført.

Weekend Market

Skriv oss gjerne ein e-post for å kome i kontakt!

​

Vi svarar på alle førespurnader.

Fretheimshaugane 61
5743 Flåm

kontakt@fretheimgard.no
telefon: +47 41488088

© 2024 by Fretheim Gard.

​

bottom of page